Gamle og nyare rispur frå bygda og bygdelaga rundt

Gamle og nyare rispur frå bygda og bygdelaga rundt

Publisert av Anne Solvang den 06.05.22. Oppdatert 08.11.22.

Av Olav Nisi

           Jordmor-henting

Eg fær byne me i strofe der eg sjøl e hovedpersonen, så å søå. På vårparten i året 1937 lågå de seg te barsøl på Nisi. Tenestguten den gong, Olav Særsland, blei sent me åder ne te Olav Wårstulen på Tinnoset, fe han hadde bil, å blei bruka som drosjesjåfør innimyljom. Han måtte hente Bergit Sveinsson, fe de va ho som va jolmor i bygda på den tia. Som rimeleg va, konne ikkje Bergit kåmmå på minutte, ho måtte væl årne me litt utstyr å slikt som trongs. Etter at Olav'en hadde venta  i bilen et bel uppe i Bøn-grenna, sa Olav Wårstulen: " Ska me vente lenger på dennan nå, så kjem me te å møte gutogen på ski nei bakken !  Åssen Olav W. visste at det kom te å bli ein gutonje. de fortæl ikkje historien nokko om.

Dei gamle er gjerne eldst

Ei god og sann historie har lett for å bleikne med alderen av fleire grunnar. Fyrst og fremst fordi den spesielle hendinga gjerne er knytt opp til ein person eller til fleire. Slike som folk kjende den gong.  Goffa, O.K.Venaas, hadde stor moro av dette minnet - han kjende godt hovudpersonen, mannen frå Lynnevik, og var med da denne  hadde eit ærende på sorenskrivarkontoret. Sorenskrivaren var truleg litt kjent i bygda, og spurde: "Er De den gamle mannen i Lønnevig?  Nei", svara karen truverdig,"han e da gamlare, far !" 

Nordens siste rallare

Karl Viktor Andersson Well, eg hugsar han som i ein draum. Den gamle svensken med langt kvitt skjegg budde ei beite på Tinnoset før han flutte til Berglia under Sud-nigard Bøen. Vi ungane var litt redde for han, bister og framand som han var både i utsjånad og tale. Tøff var han da også. Det blir fortalt at den gong kampane sto på i Gransherad var Viktor Well på veg til butikken. Han skulle over brua, men tyskarane sperra vegen og skreik:  Halt, Mensch ! Men Viktor slo og fekta med stokken sin og let seg slettes ikkje stoppa av Die deutsche Wehrmacht.                   

 ....................................

Ferske egg frå eigne høner var gjevt den gong som no. Det var ikkje berre å bestille kyllingar. Men hadde du ein god nabo som hadde tuppur og hånå, var ein langt berga. Det hadde dei i Lien, ikkje så langt frå Berglia. Og Margit, sambuaren til Viktor sende mannen ned til Lien for å kjøpa nokre egg og låne ei liggartuppe til å klekke kyllingane fram. Vel framme bar Viktor fram ærendet sitt, og han vart vel motteken. Beden inn på kaffe og høgst truleg ein liten dram eller to. Når han så i god form tenkte seg på heimveg hadde Lien-karane gjort klar sekken med tuppa og egga. Kva Margit sa då han pakka upp sekken heime, det visste ikkje Søren Sisjord heller, det var han eg fekk denne strofa ifrå. For det som openberra seg, det var hånån i Lien.

Aldri på ein sundag

Når vi fyrst er i Vigil- og Væringområdet må eg innom denne: Historia kan vel vera fra året 1915 eller der omkring. Hans Haugen ( ikkje å forveksla med Hans Hagen i rispene over ) var ein ivrig fiskar, både til moro og som attåtnæring i ei tid da sjølvberging var meir enn eit ord. En onkel av underteikna. Johannes Nisi, f. 1903, var ein sundags ettermiddag borte i Væringen med fiskestonga. Det var også Hans Haugen. Johannes fekk fisk han, drog upp den eine tryta etter den andre. Men det beit ikkje for Hans, han sto i ikkje så langt unna med stonga. Han blei som rimeleg var, ikkje lite sur av å sjå på denne gutongen som håva inn, medan han så langt var vassfis. "Du må'kje fiske på ein sonndag, det e synd de !", ropa han bort. "Men du fiskar væl du au", svara gutongen spakt. " De e væl ikke synd når ein ikkje fær  nokko!", sa Hans.

                           

Sumarregn

I bygdeboka vår, på side 303 ser me bilete av det gamle Tinnoset Hotell. Eit to-etasjes bygg med galleri øvst oppe, slik stilen var den gongen. Hotellet hadde skjenkeløyve slik at gjestene, både kuskar og reisande,ja innfødte bygdefolk med kunne slekkje tysten der når høvet baud seg slik.

Slik som i dag var det også den gong vanleg å invitera utvalde vener for ein tur utom veggen og spandera medteke av ei lerke frå innapålomma. På den måten blir som me veit gode relasjonar evig forsegla, og som bonus, festen langt rimelegare. Såleis har eg høyrt fylgjande stofe, men nå gløymt kven karane var.  Men slettes ikkje heilt utenkeleg at goffa, Venåsen var ein av dei, for han og familien budde i "Kaperstugo" på Moen rett burtanfor hotellet ei tid. Ein sumarkveld, rett nedanfor hotellet sto ein to- tre mann og tok seg nokre slavar, godt i farten frå før. Oppe på galleriet sto ein meire eller mindre sober gjest som ikkje orka bryet med å gå ned i garden for å lata den siste skvetten før han gjekk til ro for natta. Truleg ein med vidarekomen prostatatrøbbel, og derfor hadde god spreiing av stråla." Herregud fe mille regn ! " sa ein av dei som sto nede på bakken. Ei strofe som levde lenge i Tinnos - samfunnet. Vi held liv i ho litt til.

Rollevson

Min tippoldefar Ola Rollevson Brekke f. 1804 var ved sida av å vera gardbrukar, også lærar. Eit bel også ordførar i Hjartdal Prestegjeld, og då dette vart del i 1859 vart han den fyrste ordførar i Gransherad/Hovin.

Kyrkja hadde stor makt den gongen, og Herrens fotfolk var nidkjære i tenesten. I 1872 fylgde den strenge presten A.G. Flood etter den meire innovervendte H. A. Aars. Det var Flood som sto oppe på preikestolen den sundagen da Ola Rollevson reiste seg opp frå kyrkjebenken, slo staven sin i skåra framom så det small, og ropa : "Hell deg te evangelie, prest !" Det var visstnok slik at Rollevson syntes presten gjekk for for langt i sin refsing av folkets ålmenne gudløyse generelt og ungdomens nattefriing spesielt. Modig kar, denne Rollevson !

Han er også mannen bakom ei heller original gravferdstale som sat lenge i minnet til bygdefolket: Ein heller lite akta mann i bygda hadde gått bort. Ein med få vener. Ettersottig og hard, eigenskapar som gav god utteljing for bankbok og grunnbok, men som truleg gnog sterkt på sjela etterkvart. Rollevson meinte at også denne karen måtte få nokre godord med seg på siste reisa, men ville seia sanninga inne i kyrja utan at det lyddest for brutalt. Etter det latinske ordtaket "de mortuis nihil nisi bene" -- "om dei døde ikkje anna enn godt". Ved båra høyrdes frå Rollevsson : "Ein vrest ha du vore ell di ti, men mest til din eigen skae !

Haglskot

Kjetil Rue budde i Frendrud. Men uppvaksen på Rue i Venåsgrenda. For så vidt godt "situert", men som svogeren Hølje Nsi sa, -" han syns ikkje mon i andre pengar enn dem han tener på skinn". Og Bergit, kjæringa var eit godt gifte, men ho fekk heller lite bruk for innhaldet i kista si, av dukar, klede og anna utstyr ho hadde vove og samla seg i ungdomstida. Bergit hadde givnad til å finna vatn, og var elles mykje av det ein kallar synsk i visse høve.

Skogen må stå for viltet, sa Kjetil, han var ikkje den som skamhogg tømmerliane ved Damstul. Ivirig jeger, eg hugsar han også som ein triveleg selskapskar i godt lag. Han for innom butikken ein gong, Vonheim - butikken, huset der Otto Pedersen bur i dag, og faren Eilert dreiv forretnng ei tid. Kjetil trong brød, men Eilert sa at dei var utselde for dette den dagen.Å, få ei pakke haglskot da", sa Kjetil Rue.

Ekstrautstyr

Denne serien er ikkje redigert eller systematisert. Det blir derfor store sprang mellom ulike menneske, ulike hende, tid og i geografi. No vil eg ta for meg ein god ven og jaktkamerat, Kjetil Oterbekk. Han budde mest i Porsgrunn, arbeidde ved magnesiumen på Herøya. Men han reiste upp att til Gransherad så ofte han kunne, og budde da hjå bror Hans, og svigerinna Arnhild i Bøen-grenda. Spesielt var Kjetil glad i Reisjådalen og naturen der oppe. I yngre år var han ein god skilaupar, tok gode premiar både i hoppbakken og langrennssporet. Ærleg og real som få. Han hadde ei eiga evne til å gje treffande svar, til å ta andres replikkar på ordet og kvittera med snert. Han kjøpte seg ein liten bil, VW Polo trur eg merket var. Ein annan jaktkamerat, Johannes Tubås, mobba han i venskapeleg tone for bilen: " Er det revers på dennan, da Kjetil»? -- " Jau", svara Kjetil omgåande,"men det var til eit visst tillegg i prisen!"

Køyta og kraft

Køyta heiter plassen ved Kyrkjetjønna der campingplassen låg. Der budde Torbjørg Køyta, f. 1857 som Torbjørg Jonsdotter Dokka. Torbjørg var svært snill fortalde mor. Når ungane kom forbi og skulle til skulen på Klokkargarden vart dei ofte bedne innom stugo hennar, spesielt når det var kalt. Aaste og Nils frå Brekkegrenda hadde lang, ofte ubrøyta veg, og med ullsokkane fulle av sjo og isklumpar var det nok godt å få tine av seg litt. Eit kakestykke kanskje også, enda råa vel ikkje var den beste i denne heimen.
Gransheringane fekk tidleg elektrisk straum. Ikkje lenge etter at turbinane på Årlifoss byrja sviva, i 1915 kunne store deilar av bygdefolket tenne lyset berre ved å skruva på ein brytar. Tenk for ein revolusjon!  Men Torbjørg fekk eit problem, lyspærene i Køyta rauk ofte. Fordi transformatoren, eller stomatolen som ho sa, den sto oppe på høgda ved skulen. Og lyspærene i sugo hennar blei derfor utsett for stort trykk. Dei rann fulle. Det vart og sagt at ho forlanga høgspent anlegg, fordi ho ville ikkje gå runt og vase i ledningane. Men denne siste strofa trur eg nok er lagt til av andre.

Ja, takka være framsynte styresmenn fekk vi gransheringar tidleg elektrisitet. Rødberg/Uvdal var i mange år vertskap for Europas største kraftanlegg. Men straum «til husbruk» fekk ikkje dei øvste bygdene i Numedal før i 1952.


Alt i væla de har æ - believe me baby

Lensmenn i bygda var vanlegvis også representantar for forsikringsselskapet Norges Brannkasse. Klas Askilt, lensmann i Gransherad i mange år, han hadde og dette vervet. På folkemunne vart han til tider kalla Klas Avskilt, for det hende seg eit par gonger at han av embeds plikt såg seg nødt til å ta nummerplatene frå eit par livsfarlege bilvrak som gjekk etter vegen. Men Askildt var ein grei og omgjengeleg kar, godt lika av bygdefolket, - han hadde sjøl stor moro av historien som fylgjer:

Som forsikringsmann i tillegg til lensmannsjobben måtte han til tider undersøkja kvalitet og brannsikring på bygg som låg under selskapets ansvar. Så også pakkhuset til Olav Wårstulen. Der, oppe i øvste etasje var det små og større varer av høgst ulike slag, ting og utstyr som frå tid til annan var etterspurde.  Utanom det me kallar reine dagelegvarer. På ein knagg hekk det fleire spiralar eller rullar med tunne, tvinna koparrøyr. På golvet under sto eit par fortena (fortinna) kanner med tut.  Askildt laga seg liksom litt morsk og sa: "Håtte brukar du dettan te da Olav?" --- Brukar?" sa Olav, -"det hender det gjeng nokko slikt, og folk kan da bruke dem te håtti hel.... dem vi fe meg!

 

Honi soit qui mal y pense

Sitatet etter Tov i Tømmerkastet, eller Timmerkastet, det gjeng på busnesmål. I Busnes snakkar - eller etterkvart som tida gjeng, - snakka dei eit språk som ligg nær opp til tinn-dialekten og ikkje til den som brukast i Gransherad."E, me, dikkan å kann ", hermde me ungane etter busnesfolket."Eg, meg, dekkånn å kånn" sa me. Som om det skulle væra så mykje sværare. Grendene rundt har også sine eigne spesielle uttrykk eller munnhell i daglegtalen.  Alt blir utvatna etterkvart. Synd.

Og høyr nå berre: Prost Harbo Songedal var i Busnes og heldt ei messe på skulen der uppe. Etterpå var det triveleg samkome med servering. Romegraut sto på menyen, det gjestfrie vertskapet stilde opp ned det beste og den mest kortreiste mat som grenda kunne by på. Ei kjæring sto med grautfatet og nøydde prosten: "No må du verkele forsyne de, de styrkje skruvin tann! ". Eit heilt vanleg uttrykk i Busnes, men kanskje til å misforstå for ein granshering og ikkje minst for ein sørlending som Songedal. Men det trur eg han tok svært lett på, den folkekjære prosten. Verre var det vel å kjøyve låtten både for han og andre omkring bordet. "Honi soit qui mal y pense" stend det på den engelske hosebandsorden. Latin: " Skam for den som tenkjer ille om dette»!

Skåråføre

Tarald Steinbakken, f.1858 - eller Tårål som det blei sagt her i bygda, han var av mi slekt. Han budde på plassen Steinbakken under Venås nordre. Ein omfram hendig kar, spesielt kubbestolane hans vitnar om stilsans og solid handverk. Men økonomien var vel heller skral, slik som for så mange i den tida. Ein dag på ettervinteren hadde Tårål eit ærende til Mjelland, han for beint over skogen, på skrå sidover frå Venås-grenda. På Mjelland budde kjempekaren Torjus Mjelland, mor hans, Anne og enda ei Anne frå Jonrud ved Bolkesjø som var hushalderske hjå dei. Desse folka på Mjelland hadde alle ord på seg for å vera omframt snille med fatigfolk og andre som ikkje hadde det så bra. Dei hysa gjerne fantefylgje som rak etter vegane den tid. Stend det i bygdeboka.

Eg veit ikkje om det var tiggarferd Tårål var ute på, for det er sagt at han ikkje fekk ned maten i framant hus, enda så vel han trong til det. Men vel innbeden vart gjesten spurd : "Bar verkeleg skårån deg i dag da ? " -- " Å ja",svara Tårål," du veit han e lett ein husmann om våren ! "


Tømmerkastet

Det heiter seg at ein aldri må la den heile og fulle sanning øydeleggja ei god historie. Og ein kan trygt slå fast at det sjeldan blir trekt av noko frå den som gjev eit bidrag eller fleire til godt lag. Heller tvert om. Og det som er tvilsamt frå fyrste munn, er ofte reinspikka sanning hjå den som ber det vidare. Historia som kjem er ein bit makaber, men ikkje verre enn at vi toler det.

Plassen Tømmerkastet ligg langt uppe i bratte fjellsida mellom Tinnoset og Busnes. Mannen i Tømmerkastet, Tov miste kona si tidleg. Den gong var einaste råda å få kista med den avlidne til Tinnsjå, ut til strånda, og med båt vidare. Vinterstid, til råka, eller med hest etter isen nedover. Og nå, med gode grannar til hjelp vart kista fira ned etter ufsene frå plassen oppe i lia. Det var ikkje enkelt i dette lendet. Tov måtte sjølv klatra fyri som kjentmann og bas. Ved eit kritisk punkt skreik han oppover: " No må de halle guta, elle så reise ho te helvete fe kann ! "

Til info for dei yngre generasjonar vil eg nytta høvet til minna om at ei kiste, eller bord til ei slik var ein naudsynt reserve å ha liggande i dei tider. Det var ikkje berre å kontakta eit gravferdsbyrå. Økonomi og geografi sette og sine grenser.

 

Ikkje alle er fotogene!

Under okkupasjonsåra, i tida 1940 - 1945 vart folk pålagde å skaffa seg pass, eit såkalla grensebuarbevis dersom dei skulle ut av bygda. Gransheringar måtte også få seg ein slik identifikasjon om dei ville unngå bråk ved reiser til Notodden eller lenger. Med fotografi og stempel. For å visa fram om dei kom i tysk kontroll. Systrene Anne og Aslaug Moen på Tinnoset var ikkje noko unntak i så måte, pass måtte dei skaffa seg. Men dei var lite fornøgde med kvaliteten på fotografia. "De e så merkeleg", sa Aslaug, " at dem som i gronn e lite å sjå på, dem bli temmeleg fine på bilde.  Men dem som e så nokkolonde vælskapte, dem bli'kje sjåanes ut! ". Sjå Hans å fin han blei, men eg å Anne, me blei så fæle at det ligna'kje !"  Hans Halvorsson var ektemannen til Aslaug.  

 

Sjølvforsvar og aromatest

Min morbror Olav O. Venås lærde seg tidleg å spela fele.  Nokon meisterspelemann vart han vel ikkje, men han hadde stor glede av musikken. Hadde han ei lita fribeite i slåtten eller i det daglege arbeid elles, sette han seg jamt oppe på eit rom og drog av nokre slåttar. Ein gong som liten gut i førskulealder sat han på låvebrua og øvde. Ei lita kvige som gjekk ute og beitte vart nysgjerrig på låten som kom frå fela, ho kom nærare og nærare. Og guten vart utrygg, reddare og reddare. Til slutt klaska han fela i panna på dyret. Det gjekk hardt ut over instrumentet, med til alt hell var det felemaker på garden. For dei vaksne elles vart det nok ei blanding av latter og skjenn. 

Ein annan gong vart det helst berre låtten som trengde seg på.  Rundt den same unge alder, han skulle fange mus og hadde spent opp musefella med ein liten fleskebit som åte.  For å teste aromaen, sette han nåsa inntil.  Men au, litt for langt med det resultat at fella slo til over nås og lippe.  Da var det ikkje greit å vera storesyster, som måtte trøyste med ei påteken, medlidande mine.

 

Kunsten å gje kompliment

Denne sanne soga gjeld eit brudlaup med ektefelle-henting på tvers av bygdelaga - eg vil ikkje gå nærare inn på tid og stader. Det var slik at brura hadde ei syster som var gift frå før, og denne godt gifte systera og mannen hennar var sjølvsagt bedne inn til høgtida, til middagen og festen etterpå.  Han som no var blitt svogeren til brura  kom på at han ville ære brudeparet generelt og den nyslåtte svigerinna si spesielt med ei tale rett frå hjartet :  "Eg ser nåkk det", sa han, og såg vekselvis på kjæringa si og brura, "eg har nåkk blivi me skrape eg !"

 

Ikkje  ICA, REMA og RIMI

Det var ein dag etter skuletid.  Eg hadde eit ærende innom butkken på Haugen.  Olav Wårstulen var i godlag, - ( ja det var han da som oftast ) - han hadde fått inn eit parti med bortimot meterlange blomepotter i marmor, akkurat passelege til å plasera i ein  solrik karm innanfor vindauget. "Eit par  slike  må du kjøpe te mor di gutt"  sa han,  og dermed kasta han  ei av dei lange pottene over disken og bort  i fanget mitt.  Av instinkt gjorde eg sjølvsagt alle teikn på at dette kom til å bli tungt, stålsette meg  i mottaket for ikkje å sleppa den tunge stasen i golvet. 

 

Kunden alltid i fokus

Mange av oss hugsar med glede handelsmannen Olav Wårstulen. Ein slagferdig og triveleg kar. Han og butikken på Haugen var så og si ein institusjon i Tinnos-samfunnet, ja langt vidare med. Han byrja som diskenspringar hjå morbror sin, Hølje O. Wårstulen. ( Ikkje å forveksla med Høje T. og butikken på Sandbakken i Gransherad ).                                                                                                                          
Hølje O. var i fyrstninga lite fornøgd med måten nevøen møtte kundane.

Og sa: "Om me ikkje har det dem spør etter, så ska du ikkje søå tvert nei, - det har me ikkje i dag! Om dem foreksempel spør etter brø, og me sku vørå i beit fe de, så si du at me har da flatbrø, havregryn, gjær og mjøl. Og dettan ska du så klart by dem!" Olav Wårstulen tok formaninga til etterretning. Ein dag kom det inn ein kunde og skulle kjøpe toalettpapir. Forrådet av dette sortimentet var visstnok heller tunt for tida. "Men me har både sandpapir og flugupapir", sa Olav.

 

Hæljønn med meir

Har du høyrt om skobesparerar ? Hæljønn og tåjønn ? Truleg ikkje, de av mine lesarar som er fødde etter 1950. Namn på varer som ikkje er etterspurde lenger i vår overflods tid av kjøp, bruk og kast når me har meir enn nok av alt og vel så det.

Under okkupasjonen, det vi til vanleg kallar krigsåra, da var det ikkje slik. Det vil si, pengar var ikkje det største problemet, for det var stor aktivitet og tilgang på arbeid for dei fleste som hadde helse og arbeidshug. Men varer var det verre med. Bytehandel og svartebørs, - " har du det så har eg det". Avisene var fulle av annonser, tilbod og ynskje.:"Hvit mansjettskjorte str. 39 ønskes byttet i tobakksblader". Brød var heller ikkje alltid reint brød slik me kjenner det idag. Innblanding av ertemjøl og andre ingrediensar var vanleg. Folkehumoren satt laust: Baker Hansen arrestert, han hadde blanda mjøl inn i brødet!  Minne om knappe tider vi ikkje har vondt av å tenkja attende på.

Støvlar med stiv le-sole, "le-sko" var vanleg den gong. Mot slitasje var det i handelen små jønnn-nuddar med tre eller fire «bein» og mothakar. Likna litt på tegnestiftar men grovare. Dessan slo ein tett i tett av under solen. Namnet var "skobesparerar". Og gjerne med eit halvmåneforma tåjønn framme, og ditto hæljønn bak. Da hadde du sko så lenge overleet heldt. Men sjølve fottøyet blei nok kaldare.

Det kom ei kar inn på butikken til Olav Wårstulen. Det var ein som kjende Olav og tenkte han skulle setja handelsmanne i beit: "Ha du hæljønn te hestesko", spurde han. " Nei ", var svaret, - " men eg har innleggssolar te dritstøvlar !

 

Travle tider

Hans Hagen er ennå hugsa av mange i bygda. Han budde på Tinnoset og levde som ungkar i huset sitt på sudsida av Vigilen. Dei fyrste arbeidsåra var på saga til Birkeland, sidan var han meire i skogen og tok anna forefallande arbeid.  Vekas høgdepunkt var laurdagen når tipperesultata kom. Han var alltid påpasseleg med å levera inn rekkjene sine hjå kommisjonæren, Wårstulbutikken. "Hå vi du jørå om du vint femtitusen ?", blei han spurt."Meir tips", sa Hans. 50.000 var draumen og den  den store toppgevinsten den tid, vi snakker vel om 1950 og utover.

Eit år var han mykje hjå oss på Østre Nisi.  Han førde opp sine timar i ei bok.  Ein gong han kom for å få oppgjer, oppdaga far at han på ein og same dag hadde ført opp 8 timar i skogen og 8 timar i potetonna. Far gjorde merksam på dette, og sa, -" du konne væl ikkje rokkje dettan, Hans?" Hans blei litt snurt og sa - "det va travle tider den gongen Olav !" Sjølvsagt var dette ei glamsing, og slett inga tilsikta notering. For Hans Hagen var ikkje den mann som hadde tankar om å berika seg på uærleg måte.

 

Fellefangst på Brekkeheia

Gamle Gunleik Sætre, f. 1848, sat nokre år aleine som eldre mann på garden etter at sonen Andres tidleg gjekk bort. Han måtte leige seg  karhjelp i onnene, og ein gong var dette Olav og Sveinung Lien. Gunleik hadde ei felle borti skogen, ei såkalla gildre. Ei gildre, det er ei stor tung steinhelle oppstylta med pinnar på ein finurleg måte der åta er fest. Lien-karane, kjent for mange humørfylte påfunn, sleppte sjølvsagt ikkje frå seg sjansen til noko spetakkel. Ei gamal bukse vart stappa med høy, påsett sko og lagt under fella som så vart vippa ned. Berre  noko av beina og støvlane stakk fram. Og så gav dei seg med til skogs neste morgon da Gunleik drog av garde for å sjygne fella si. Gunleik vart sjølvsagt både  redd og fortvila da han kom innpå og fekk sjå tragedien:  " Men huttetu, hått e det som ha hent hær ?  - Det må vørå ein tuddøl !  Men hått i h...... ville' n nå onde der da !   

Ein digresjon: Gunleik Sætre visste nok lite om at han omlag hundre år seinare skulle bli oldefar til ei av landets mektigaste kvinner rekna etter statsministeren -  ho heiter Kristin Skogen Lund.

Solskin-sag og storflaum

Like sud for Brendemo renn det ned ein liten bekk som kjem frå høgdene ovanfor Breidal. Min oldefar, Gunleik T. Nisi, f. 1843, fann ut at denne bekken var godt eigna som energikjelde til å driva ei sag han sette opp. Heime på Vestre Nisi var det visstnok ei vindmølle til formålet, men den var til nedfalls, og både tungvinn og klein i bruk. Blåsa kan det nok gjera på her uppe på Nisi, men ikkje på bestilling.              Men dette nyanlegget til Gunleik oppe ved Tinnsjå var heller ikkje heilt vellukka.      På folkemunne vart namnet Solskinsaga, av di det sjeldan var vatn i bekken når det skulle skjerast.

Leiv Bergen, f. 1873 , blir hugsa som ein omfram flink kar. Rivene han laga gjeng det gjetord om ennå. Ein kombinasjon av det vi med meir nymotens ord kallar god design, og eit handverk i særklasse. Han sette seg også opp sag på garden sud-Bergen. Saga fekk vatn frå Storebekk, bekken som delar Bergengrenda i to. Dette gjekk så nokonlunde i mange år, sjølv om eigaren til tider klaga over lita vassføring. Men så kom storflaumen i 1927. Den som tok bruer og meir eller mindre faste innretningar etter vassdraga over store delar av Telemark. Saga til Leiv Bergen vart knust og nedfløymd av vassmassane." Jau, han fekk da vatten på saga si Leiv au nå ", sa ei gamal kjæring som sto uppi vegen og såg nedover på vrakrestane etter det som eingong hadde vore der.


Burus

Då ei skøyte vart kjøpt inn for å ivaretaka lokaltrafikken i den nedre delen av Tinnsjå, var det naturleg nok spørsmål om kva  namnet skulle bli på dette fartøyet. Det blei Burus. Fyrste stavelsane i dei, den gong, veglause grender Busnes og Rudsgrend. Om namnet i etterpåklokskapens namn var sjølgjeve, eller kven som eigentleg må tilkjennast mor- eller farskapet det veit eg ikkje. Båten vart truleg heller ikkje døypt med områdets fremste kvinner og menn tilstades, og med sjampagneflaska knust mot baugen. I allefall ikkje knust. Habben Busnes (Halvor T.), såg namnet som ei alvorleg diskriminering av Hovin, denne bygda på austsida av Tinnsjå som var ein av dei daglege destinasjonar for firkantsambandet. Namnet skulle vore Horebuss ! - sa Habben. Sjølv kjenner eg, som innfødt tinnosgrending, at vi her nede også vart tråkka på ved denne dåpen. På eige initiativ, post festum, eller rettare, post mortem, vil eg hevda at namnet burde ha vore Horubussos av Tinnos. Eit namn som  alle oppegåande menneske assosierer med handel, fangst, skip og sjøfart. Vi hugsar både Kosmos og Pelagos og sjølv kan eg sjå attende på mi eiga sjømannskarriere; 4 månaders hyre like ned til Cape Town og attende til Liverpool som smørjar på kvaloljetankaren Pontos. Eg har derfor sterk fagleg bakgrunn for  å kunna smørja tjukt på.

Senior «i Støa og katten»

Det var den våren eg var så plaga av ein kvit hankatt på Østre Nisi. Ein på fire bein, til underretning for folk som har lett for å misforstå.
Og døtre har eg ikkje hatt, det eg veit. Så dette gjeld eit individ som dreiv mest å plaga kjettene, remja om nettene og plyndra fuglereir ista´n fe å fanga mus og vera litt til nytte. Svært sky var han, uråd å koma nær innpå, men den hadde likevel slege seg til som ein slags overkatt i grenda. Ein halvmørk kveld på førsumaren, langt bort i mot midnattstid fekk eg sjå han dreiv på med eitt eller anna sud i jordet. Eg såg det lea seg litt mellom grastustane. Som rimelig god skyttar om eg skal si det sjølv, og med godt kikkertsikte på mauseren såg eg råa til bli kvitt denne parasitten for alltid. Sneik meg opp på låvebrua med ein samanrulla sovepose til anlegg. Det var ikkje råd å bomme på målet sjøl om haldet var drugt og skytelyset kleint. Etter smellen, rett bort for å hive kadaveret på røysa. Men på åstaden låg det berre ein kvit plastpose som hadde hekta seg opp mellom nokre grastustar. Låg å blafra litt i vinddraga. Med hol, som etter størrelsen å døma, måtte vera frå  ei kule, kaliber .30 blyspiss, av merket Prvi Partizan. Dette er diverre reinspikka sanning. Eg såg vel helst at det ikkje kom på bygda, var det ikkje for reklamen.

 

Prima kvalitet - sekunda ikkje !

Ein kar kom til Wårstulbutikken på Tinnoset og bestilte måling. Ein landhandel må ha litt av kvart på lager, men å halda assortert utval av slik vare baud sjølvsagt på problem - det var så mang slags kvalitetar og så ymse slags farger folk ville ha. Vanleg den gong var heller å ha eit fat av koka linolje, og pakker med ulike fargestoff så folk sjølv kunne blanda si eiga måling. Sinkkvitt, koboltblått og kromgult har vi høyrt om. Men denne gong hadde Olav Wårstulen tinga ferdigvarer frå byen. Da kunden kom for å henta dei bestilte boksane, fekk han beskjed om at dette var varer av den aller ypperste kvalitet: "Nå bli veggjin dine så fine å så glatte at om det kjem ei flugu å slær seg ne, da glepp ho takje, ja ho dett rett i golve å slær seg spent i hæl !

Kappkjøre med månen

Jon Lillebuen heitte grannen og den gode venen til Tone og Hauk Buen. Snill og triveleg kar, flink dansar. Det hende seg ofte før i tida at Hauk og fela vart tinga ned til Kongsberg eller opp til Bolkesjø for å presentera Noreg og kulturen vår for forretningsfolk eller gjester på hotella. Dans av bunadkledde innfødte var og gjevt.  Syster mi, Tone, og Jon Lillebuen var ofte med som utøvarar av den kunsten.

Ein kald vinterkveld hadde trioen vore på Kongsberg, Jon hadde bil og var sjåfør heimover dei par mila oppover det snørike Jondalen. Hauk syntes det til tider gjekk vel fort i svingane, og gav uttrykk for dette til sjåføren. "Veel",sa Jon, "men dennan je ser i speilen som ligg bakom vårs å ligg å pressær på, han kjøre nå fort han au ! " Hauk, som satt i baksetet, snudde seg, men det einaste han såg var ein stor og låg fullmåne mellom granleggane.

Steelfinger

Olav Seljord, morbror til Halvor Kaasalia var ein god spelemann. Omfram drifta av garden Seljord øvst uppe i Bøen-grenda var han årvisst med på fløtninga i Tinnelva. Det var eit av "vårens sikraste eventyr" i dei dagar. Men om det var så eventyrleg for slitarane som måtte gå lange dagar, våte til livet langs elvebredda i all slags vær, det trur eg nok ikkje,

Ved eitt eller anna høve fekk Olav Seljord delvis øydelagt ein av dei venstre fingrane sine, og det var sjølvsagt ei katastrofe for ein meister på fela. Han klaga si naud til goffa, felemaker og tusenkunstnar O.K. Venaas. Og han visste råd. Ei tunn og flat fjær vart smidd av det beste stål, herda og anløpt, og så forsynt med eit slags spenne av le. Med denne innretningen på fingeren kunne Olav spela, nesten like godt som før. Han kalla alltid dette hjelpemiddelet for "apparatet sitt", fortel Halvor. Ein gong sa goffa til svoger Hauk, truleg over ei tunn terte - eller fleire, - han hadde det elles ikkje med å kyte, goffa : "De e'kje nok at eg må lågå felur, men eg må lågå fingar te spelemennen au ! "