På vikingtokt i Oslo

På vikingtokt i Oslo

Publisert av Anne Solvang den 07.05.22. Oppdatert 19.05.22.

Det er den draumen seier diktaren. Ja, fleire i historielaget har drøymt om å få sjå att nokre av skattane som i si tid vart ført over til Sverige, til Historiska Museet i Stockholm.  Ting som vart samla og kjøpt opp av vår eigen Torjus Leifsson Jore.  Oldsaker frå heile Noreg samla han inn for den svenske museumsmannen  Artur Hazelius. Men så viste det seg at denne samlinga i året 2005 vart tilbakeført til Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo, i høve hundreårsjubileet  for unionsoppløysinga.  Som "eit generøst langtidsdepositium" som det stend i ei brosjyre. 

Nå er det slik at få av dei om lag 500 tinga som kom attende frå Sverige er permanent utstilt. I alle høve ikkje enda i den heller gamaldagse bygningen som hyser museet i Fredriks gt. 2.  Dei ligg nærast på lager, med arkivnummer som ein sjølv kan søkja heimanfrå, ved å klikka seg inn på heimesida unimus no.

For oss var dei mest aktuelle sakene ordna og lagt fram. Vi vart tekne godt hand om.  Og om nokon tenkjer seg  ein konservator som ein noko innturka  figur, sterkt prega av sin daglege omgang med oldsaker og antikvitetar ?  Nei, her kom ei det ung , kjekk og velstudert dame, overingeniør var ho,  ei som fekk oss karane i tankar om at vi  kanskje skulle ha lagt enno meir arbeid i vår personlege oppsjaining  før vi  drog  heimanfrå.

Det var vesentleg ting funne på gardane Bøen, Havstein, Li og Nisi som var tilrettelagt, det meste frå jernalderen. Øksar og sverd, smykker og spenne. Og så det kjempestore drikkehornet med en sprekk - "som findes i det, skal være forårsaget derved at en Gjest engang slog en anden med Hornet i Hovedet".

Hornet frå Nisi er truleg frå tidleg middelalder. Ein må undrast på om det var dyrt med så store horn her den tid. Kanskje er heile hornet med messingbeslaget å rekna som importvare. Vi veit ikkje.

Sverda frå Li og Bøen var mindre enn det tunge, einegga frå Nisi, men begge desse fyrste var tveegga  og rikare dekorert, noko ein enno tydeleg kunne sjå, trass i dei 12 - 1500 år dei hadde vore nedgravne. Konservatoren nemnde at den sure nedbøren som kjem ned i vår tid, den tærer fortare på slikt som framleis måtte liggja ute. Så det blir etter kvart vanskelegare å finna "skattar" av tilsvarande kvalitet.

Torjus Leifsson er i ettertid sterkt kritisert for sitt arbeid for Hazelius. Det er ikkje lenger rett, sett med dagens augo.  Hans motiv er nå ein ting, men alle desse sakene vart ved hans arbeid tekne godt vare på, pengesterke krefter, også private folk frå heile Europa var på jakt etter slike ting den tid. Vi har all grunn til å tru og tenkja - "best var det kan hende det gjekk som det gjekk!"

Gransherad Historielag ved ovannemnde  høvdingeætlingar  seier takk til  arkeolog Jostein Gundersen og overingeniør  Hanne Lovise Aannestad  for  den  tida som vart  bruka på oss !

Ref. Olav N.