Bygdeboka for Gransherad kom ut i 1977. Salget av boka gav eit overskott som vart sett inn på ein fondskonto i Gransherad Sparebank. Det har vore få utdelingar frå denne kontoen etter etableringa. Gransherad historielag har etter førespurnad frå nåværande Hjartdal og Gransherad Sparebank takka ja til å overta ansvaret for disponeringa av fondet.

Beløpet utgjorde ved overføringa i 2017 kr. 285 929,-. Historielaget vil la det til kvar tid sittande Styret i laget vedta utdelingar frå fondet. Som grunnlag for dette arbeidet vil det være eit sett reglar = statuttar. Endringar i statuttane vil i framtida ha krav om godkjenning av lagets årsmøte med minst 2/3 fleirtal. 

STATUTTAR FOR DISPONERING AV BYGDEBOKFONDET

*********************************************
1) Utdelingar frå Bygdebokfondet kan gå til personar og/eller lag og foreningar som har bidratt, eller bidrar, med arbeid og aktivitetar som tek vare på, og stør opp om, tradisjonar og historie av varig verdi for bygda.

2) Med tanke på den tida som har gått etter at fondet vart oppretta vil og arbeid og aktivitetar i tråd med punkt 1 – og som er avslutta – bli gjort aktuelle for vurdering av utdeling frå fondet.

3) Det er til kvar tid det sittande styret i Historielaget som besluttar utdeling. Vedtak kan skje når styrets leiar + minst 3 øvrige styremedlemmer/varamedlemmer er tilstede. Et vedtak krev minst to tredjedels (2/3) fleirtal.

4) Forslag til kandidatar, med grunngjeving, sendast skrifteleg ved brev eller E-post til Historielaget.

5) Ved beslutta utdeling kan beløpet variere frå 2 500 til 25 000 kroner, alt etter ei vurdering av det enkelte forslag sett i samsvar med fondets økonomi