Bruene i Gransherad

Bruene i Gransherad

Publisert av Anne Solvang den 08.02.23. Oppdatert 09.02.23.

 Tekst: Olav Nisi 
 Bildet: Måla av Olav Bakken ca. 1920

  I året 1973, den 18.oktober kunne ingeniør Olav Tjønnås klyppe over eit band i Noregs fargar, og med dette vart den nye brua i Gransherad opna.  Ingeniøren var den gong 83 år gamal, eigentleg pensjonist etter sin lange arbeidsdag ved Telemark Vegkontor i Skien. Nokre år tidlegare, da hengebrua ved Rugholt vart bygd, var han leiar for arbeidet der. Det var fyrst på sine gamle dagar at  Olav Tjønnås kom attende til Gransherad.  Eldre bygdefolk kjenner nok betre til  syskina hans, Kjetil, lærar og i periodar ordførar,  og  Hans, mil.org. leiaren.  Og Torbjørg som var sjukesyster.

   I samband me d opninga av Gransherad Bru vart Olav Tjønnås intervjua av "Telen", og kom da  fram med  minne frå tidlegare tider.  Og noko av det som her kan lesast, er delvis bygd på avisartikkelen som fylgde.

   Men fyrst vil eg bokføra eit gamal segn som vart meg fortald av far og goffa, noko  som  dei i si tid hadde fått frå sine foreldre, og så det samme atterover.  Eller rettare sagt , ei storhending som aldri vart gløymd, og bore framover gjennom ættledene.

Det var slik at det eingong oppe i Busnes levde ein mektig herse. Og ein på Nisi, eller Nesvin  som garden heitte den gong.  Og desse to var ikkje geografisk avgrensa  av Tinnåa, for den gjekk visstnok  på austsida av Nisi  den gong.  Hovdingane var ikkje gode vener, dei var, sagt med meir moderne vendingar, sterkt usamde i kor grensene for deira respektive interesseområde og skattland skulle gå.  Og for å hindra "overtramp" fann ein av dei på å grava ei lita grøft i den morena  som ein enno kan ana på begge sider av oset, Tinnoset i dag.  Alle kjenner til den makta som vatn kan ha. Det er nok å spa ei lita grøft, så gjer vatnet resten når det kjem litt ekstra nedbør.  Kven av hovdingane som fann på dette veit vi ikkje. Ikkje ein gong om soga er sann.  Men i samband med ei tenkt kraftutbygging i 1970-åra vart det gjort seismologise prøver i området, også i dalen på austsida av Tinnoset. Ein av ingeniørane som sto for dette sa til meg: "Her har det eingong gått ei elv".

   Men attende til det Olav Tjønnås fortalde :  Før det vart bygd bru over Tinnelva ved Sandbakken var overfarten over elva ordna med sundmann. Sundmannen skulle halda to pråmar og ein flåte, og han måtte på alle tider av døgnet halda seg klar til å setja reisande over elva. Om vinteren når elva delvis var islagt, og med snø og sprengkulde, måtte sundmannen leggja flytebru over elva. Denne vart lagd over djupålen litt nedanfor Guriby. Flytebrua vart teke opp om våren, føre vårflaumen, og lagra på land til bruk for neste vinter.  Eg har prøva å finne skriftlege kjelder for dette,  men har ikkje lukkast. Truleg er det munnlege, overførte minne frå farne  generasjonar som Olav Tjønnås her gjev vidare. 

   Så må det bli å bruka fantasien og spe på med det ein måtte ha av praktisk sans for å tenkja seg korleis denne "vinterbrua" har vore.  Den var nok i alle fall av mindre dimensjon enn dei to bruene som perserkongen Xerxes let byggja over Hellesponten for å erobra Hellas. Han ankra opp over 650 båtar med baugen motstraums. Eg trur heller ikkje at det vart bruka pråmar eller båtliknande pontongar i Gransherad, men rett og slett fleire bruelement av store, tørre trestammer som vart kobla saman, ankra opp og hadde landfeste. Desse fekk ei lang turketid i landligge  i  sumarsesongen, slik at dei flaut godt i det avgrensa tidsrommet dei var i bruk.  Og så melder det seg ei rekkje av spørsmål :  Denne flytebrua, til bruk i både i snøver og kuldegrader, vart sikkert delvis islagt etter bøljer som fløymde over til tider.  Bruk av denne kunne da ikkje vera ein heilt ufarleg ?  Var  brua  farbar for hest og ryttar, hest og vogn ?  Var det ei form for rekkverk, i det minste taug til sikring ?  Når vart denne ordninga teken i bruk ?  Ein minner om at den fyrste kyrkja i Gransherad låg på Grandås og den seinare stavkyrkja like ved der den noverande ligg. Og kyrkja var før i tida den mest sentrale staden bygda, til påbode åndsliv og naudsynte gravferder.

   Mykje av trafikken kryssa ikkje alltid elva i Gransherad, men fylgde austsida av dalen, forbi Nisi-gardane, opp eller ned frå Tinnoset.  Det kan vera av interesse å ta med eit døme på at overfarten før den tid ikkje alltid var t enkel: 

    Den danske sognepresten Frederik Hammerich hadde i året 1834  sett seg føre å vitja Tinn, og "bestige det vilde Fjeld Gausta."  Frå hans memoarer: " I Skumringen kom vi ned til Tinnsjøen, men her traf jeg nye Forhindringer, da Fergen var paa den modsadte Bred. Vi stod en halv Time og ropte høyt, men Fossen som buldret ikke langt fra overdøvet os.  Til sidst fant jeg paa at spende min Kappe ud paa en Stang og flagge med den til det vakte Opsikt på den anden side av Vandet.  Langt om lenge stødte en Båd ut fra Land som kom over, men Jenten, som var alene i den turde ikke ro meg, da Strømmen gik sterk mot Fossen, og Båden desuten var lekk.  Min Skyssgutt vilde ikke hjelpe mig, men - "Du ser sterk nok ud til å makte Båden"-   sa han til mig, og jeg måtte da hjelpe mig selv så godt jeg kunde. Skumringen faldt paa, Båden trak Vand, og en Kjerring som var med skrek høyt, men Jenten og jeg rodde dog lykkelig over". 

    Men som vi skjønar, det var stor trong til fast bruforbindelse på Tinnoset også. Samstundes med at vassføringa i elva var svært ujamn, og gjorde tømmerfløytinga vanskeleg. Ein dam måtte til, som også skyulle gjera teneste som bru.  Det fyrste forslaget vart lagt fram i 1886, men ikkje godteke. Den 8.mai 1888 kom eit nytt framlegg, med eit kostnadsoverslag på kr. 60.000,-.  Og i 1890 sto den fyrste Tinnosdammen ferdig.  Det var ein enkel steinkistedam som hadde 6 nålelaup med 5 meter fri opning. Kostnadane vart til slutt kr, 79.000,- , heile summen boren av Skien Brukseierforening.  Det vart også tilsett ein damvoktar.

  Ein steinkistedam er ein grovt tømra trekonstruksjon som blir fyld med stein slik at den vart tung og stabil nok til å stå i mot presset frå vassmassane. Vi kan enno sjå eit av desse steinkara på nordsida av noverande dam. Og "nåler", det er plank som ein kan setjan ned eller dra opp for å regulera gjenomstrøyminga.

    Rundt 1907 kom det ein ny dam der oppe, og seinast i 2000 vart den siste opna, begge også som bruer. 

   Men vi må nedover til Gransherad att. Etter som tida gjekk vart ordninga med sundmann avlegs. Kravet om bru over elva i Gransherad vart stadig sterkare, og på eit formanns- og representantskapsmøte for Gransherad Sokn i 1867 ( Gransherad var på den tid saman med Hovin ) vart det vedteke å byggja bru.

   Etter framlegget frå G. H. Hafstein som då var ordførar, vart det vedteke å løyva:

 

I pengar                        625 spd.

+ pliktarbeidsdagar

av kvar skylddaler        190  "

2 pliktarbeidsdagar

av kvar husmann            64  "

                                  ---------------

                                       879 spd

+ tilskot frå Amtet          452  "

                                  ----------------

                                       1331 "

                                   --------------

 

   Brua vart bygd av trevyrke og hadde 5 spenn. Ho vart teken i bruk i 1868, og kosta i alt  1403 spd. 23 skl.  I pengar, pliktarbeid og tilskot hadde det i alt kome inn 1708 spd. 2 ort og 6 1/2 skl.  Overskotet, 294 spd, 3 ort og 7 1/2 skl. vart etter framlegg frå Amtmannen avsett til vedlikehald av brua.  Det var truleg veginspektør Thue som sto for byggjearbeidet.

   Det visa seg snart at brua ikkje tolde påkjenningane under tømmerfløytinga. Det la seg store tømmervasar rundt brukara. Både kara og plankane som brua var kledd med vart rivne sund, slik at det år om anna vart store reparasjonar.  Det vart difor frå Fellesfløtningen si side teke upp spørsmål om ein større reparasjon.

   Mellom anna utvide midtspennet til 70 - 75 fot, slik at hovudstraumen og tømmeret som der fylgde fekk ein friare gjennomgang. Fellesfløtningen lova 1000 kroner til dette føremålet.

Men det vart ikkje noko av denne reparasjonen, for i 1891 vart det etter framlegg frå vegdirektøren vedteke i kommunestyret å byggja ei ny bru. Kostnaden til kommunen vart sett til 6000 kroner.  Brua vart påbyrja i 1893 og ferdig i 1896 - 97. Utlogene for kommunen vart 7337 kroner. Kor mykje stat og Amt løyvde veit ein ikkje.

    I nordre enden av låven som tilhøyrer garden Østre Nisi der underteikna bur,  er det eit vedskjul. Golvet er lagt med svill av snaue 2,5 meters lengder,  tykkelsen er ca. 9  centimeter, eller 3,5" på fagspråket. Breidda kan variere frå 6" til 9".  På midtpartiet er desse svillene svært opphakka, medan  endane  er relativt fine.   Det var slik at goffa til underteikna,  O. H. Nisi, bygde låve og uthus på denne tida, og da brua av 1868 vart rive trur eg at han har kjøpt materialer frå denne til eige bruk. Det noko opprevne, nedslitne midtpartiet vitnar om skodde hestar som har tråkka  att og fram framføre vogner og sledar i nær 30 år.  Men såra og slitasjen var ikkje verre enn at dei til atterbruk kunne nyttast til  golv i eit vedskjul.

   Det er her naturleg å taka med enda ei bru som vart påbyrja i Gransherad. Eg gjev ordet til brørne Sigmund og Oddvar Solvang, slik dei skreiv ned dette minnet for Gransherad - kalenderen 2018: 

   "Under arbeidet med den sokalla Rjukanoverføringa, kraftlinja frå Rjukan til transformatorstasjonen i Øvre Eiker skulle linja førast over Tinnåa ved Guriby. I den forbindelse blei det sett i gang bygging av ei hengebru som skulle lette jobben med strekket av leidningane mellom mastene på vestsida og austsida av elva. Brua var ikkje tenkt som ein varig eller permanent konstruksjon, men skulle  demonterast etter at anlegget var gjennomført. Den 8.november 1927 rauk, eller løsna ein vaier som sikra ein del av brua under oppføringen, og tok med seg det meste ned i den strie stryken som åa har der.  På brua var det tre karar som blei med i fallet. Det var Niri Storemyr, f. 1895, Halvor Barstad, f. 1900, og far kåns, Olav Solvang f. 1902. Ingen av dei kunne symja. Halvor og pappa (Olav) fekk begge, kvar for seg, tak i plankestubbar som hjelpte dei til å halda hovuda over vatnet. Pappa fekk fast grunn under føtene og vassa i land på Thoøyren.  Det er den tangen som stikk ut i åa rett ned for der bygget til det kommunale vassverket ligg i dag. Der fekk han tak i eit langt bord, vassa ut i åa att slik at Halvor fekk tak i bordenden, og på det viset kom så nær at han kunne trå botn og bli landfast att han au.  Etter å ha ropa og sett etter Niri ei god beite - utan livsteikn frå han- gjekk dei til Vassdragsvesenets Hus, (bygd 1926 ) i Guriby der tilsynsmannen for anlegget, ingeniør Jon Alten budde.  Han varsla folk som tok til å saumfare elva nedetter, men Nils var ikkje å sjå. Dei fann han aldri att."

   Eg opna denne artikkelen med eit minne frå 1973 og brua som i dag knyter bygda saman og ellers ber sin store deil av trafikken melom bygder og landsdelar.  Telen avsluttar reportasjen frå opninga slik: "Den nye brua er som kjent en kontinuerlig platebærerbru i 3 spenn på  tilsammen 110 meter. Bredden mellom rekkverkene er 9 meter. Det skulle således bli mere å gå på for busser og tømmerbiler som beviselig har hatt store vanskeligheter med å komme seg over gamlebrua.  Brua har kostet ca. 3 mill. kroner."