Gransheradmål - dialektord

Publisert av Anne Solvang den 10.05.22. Oppdatert 17.06.22.

Etter 40 år i Oslo med blandingsspråk, fekk eg da eg flytte heimatt til bygda i 2011, lyst til å samle og skrive ned ord frå det målføret eg voks opp med – så vel heime på Limoen, som på Klokkargarden skule, samt i det sosiale liv som ungdom i bygda.

 Takk være mange innspel frå gamle og nye kjentfolk og tilgang til lignande arbeid som andre språkinteressera har utført tidlegare, kan me her presentere ei samling med ord som nå blir mindre bruka i daglegtale – i alle fall blant yngre. Det vil si at mange av orda er i ferd med å bli historie.

 Samlinga er på ingen måte komplett, men rett og slett ei alfabetisk opplisting av det vi har så langt. Det er ingen systematisk presentasjon av orda med hensyn til grammatikalsk form. Derfor vil substantiva framstå, somme i eintal, andre i fleirtal, adjektiva i ulike grader og verba i forskjellige tider.

 Dem fleste av orda er også vanelege i bygdelaga omkring, og hører til eit målføre som fagfolk kallar midlandsmål der basisorda med variasjonar dukkar opp i mange dialektar.  

 Under arbeidet med lista har det stadig vore tilsig av «nye» ord. Dette må for all del fortsette og eit neste steg kan bli å utvide med uttrykk og vendingar der orda inngår.

 Dette er tenkt å være ei opplisting som tiltakshavaren vil ha korrektive innspill på der det er «mislyd» i form av skrivefeil og/eller tolkningsbom. Men, mest av alt så ber eg om fleire ord og uttrykk – for det er det heilt sikkert.

 Så send ein mail til: sigmund.solvang@gmail.com, ein SMS til: 958 59 101, eller stikk bortom pensjonisten på Limoen med bidrag til å utvide lista.

 Sigmund.