Nominert til Frivillighetsprisen 2022

Nominert til Frivillighetsprisen 2022

Publisert av Anne Solvang den 02.11.22.

I den forbindelsen har han som en av de nominerte fått invitasjon til gjestebud på Skaugum onsdag 16.november fra kronprinsparet, Haakon og Mette-Marit, for å feire i anledning frivillighetens år 2022.

Det er en stor glede at Per Olav er blant de utvalgte og vi ønsker ham en minnerik kveld.

------------------------------------------------------------

Per Olav Gunnes
Tekst Olav Nisi

Du ser sjeldan namnet deira i media.  Høyrer ikkje mykje om dei heller. Slike som brukar mykje av tid og fritid til fellesskapets nytte og glede. Gjeng ellers stille i dørene. Kanskje får ein liten takk attende, men ikkje meir.

Bygdefolket i Gransherad var i si tid  så heldige at vi fekk testamentert ein liten eigedom med husvære frå ein kunstnarfamilie. Og mykje av kunsten dei let etter seg i tillegg. Per Olav Gunnes har i årevis stått for leiinga av laget som vart skipa til for å taka hand om denne gåva. Det var til tider ulike meiningar om korleis denne arven skulle skjøttast, men Per Olav har med ei mild form styrt og "stått han av".
Attåt arbeid med  administrasjon og møteverksemd har han også vore ein praktisk  vaktmeister og tatt hand om hus og inventar. Det er  blive  nærast eit museum.

Han er nå pensjonist, men han var ein gjev og godt lika lærar av yrke.  Musikalsk, spela fele. Sjølvsagt til glede for elevane og skulen. Men etter arbeidsdagen bruka han gjerne av eiga fritid på born og ungdom som hadde interesse og talent for tonar, og gjerne ville læra meir om instrument og musikk.  Per Olav svara sjeldan nei.

"Frivillighet" i stor mon ligg ikkje for alle.  Dei fleste av oss vil helst ha ei konkret løn og ære for det meste vi tek tak i. Få fortener ein pris betre enn folk som ikkje tenkjer i dei banar, men berre smør maskineriet i det stille, og held hjula i gang til glede og nytte for sine medmenneske. 

Derfor meiner vi at Per Olav er ein sterk kandidat til  Frivillighetsprisen 2022.