Gransheradmål - dialektord

Gransheradmål - dialektord

10.05.22 13:36 av Anne Solvang

Takk være mange innspel frå gamle og nye kjentfolk og tilgang til lignande arbeid som andre språkinteressera har utført tidlegare, kan me her presentere ei samling med ord som nå blir mindre bruka i daglegtale – i alle fall blant yngre. Det vil si at mange av orda er i ferd med å bli historie.

Les mer
Gamle og nyare rispur frå bygda og bygdelaga rundt

Gamle og nyare rispur frå bygda og bygdelaga rundt

06.05.22 09:23 av Anne Solvang

Historielaget har fått ny heimeside, eg vil nytta denne til å bokføra ein del historiar og hende som ligg arkivera i minnet - så langt og så lenge forrådet rekk. Mest skjemt, men også litt alvor. Før elektronikken sørgde for underhaldninga i heimane, var slike strofur høgt verdsett, og sat lenge i minnet. No er mange gløymt, andre gått ut på dato. På førehand ber eg om tilgjeving frå dei som i munnleg versjon har høyrt det same opptil fleire gonger før. Denne fyrste gjeng på dialekt, men det kjem ikkje til å bli vanleg, med unntak for sitat.

Les mer